Investeringa skal sikre ei stabil straumforsyning til metallverket, og samstundes bidra til ei trygg og robust kraftforsyning i lokalsamfunnet.
– Dette er ei stor og viktig investering for både Hydro og Årdal. Det viser at Hydro satsar på framtida for aluminiumsverket i Årdal og styrkjer posisjonen norsk aluminiumsindustri har i å levere eit kritisk råmateriale til Europa, seier leiar for dei norske aluminiumsverka, Johan Berg.
Dette er den største enkeltinvesteringa Hydro gjer i Årdal på over 30 år.
Sikrar kritisk straumforsyning
Enkelt forklart er GIS eit stort «sikringsskap» for høgspenningssystem. Anlegget blir brukt når straumen vert kopla ut ved vedlikehald og inngrep, og koplar automatisk ut straumen ved overbelastning.
– Aluminiumsproduksjon er avhengig av ei svært stabil straumforsyning. Ved bortfall av straum vil det kunne få konsekvensar for drifta. Det nye GIS-anlegget vil redusere denne risikoen og styrkje leveringstryggleiken, seier Berg.
Det nye koplingsanlegget er planlagt å vere i drift i 2030 og endeleg byggjeavgjerd er venta tidleg i 2027.
Fakta om prosjektet
Det eksisterande 132 kV GIS-anlegget i Årdal vart sett i drift i 1992 og har no passert forventa levetid.
Prosjektet omfattar prosjektering og bygging av eit nytt 132 kV GIS-anlegg, inkludert nytt kontrollbygg ved Hydro Årdal. I tillegg kjem omfattande grunnarbeid, etablering av kabelkulvertar, samt riving og omlegging av eksisterande infrastruktur.
Publisert: 7. mai 2026